USHT

Prosjekt

Luster kommune ønska ei betre organisering av tilbodet til personar med demens og deira pårørande, med betre brukar- og pårørandeinvolvering. Prosjektet var ein del av eit nasjonalt utviklingsprosjekt knytt til Demensplan 2020.

Den demenssjuke og pårørande skal vite kven dei kan kontakte i kommunen, og vere trygge på at dei blir følgt opp gjennom heile sjukdomsforløpet.

Dagaktivitetssenteret  «Veglo» bidreg til ein meiningsfull kvardag gjennom tilpassa aktivitetar og meistring. Personsentrert omsorg, å komme tidleg inn og få kontinuitet i oppfølginga er viktig.

Førde kommune har fått støtte frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet til å utvikle eit nettverksverktøy retta mot pårørande til personar med demens. Partnarar i prosjektet er Høgskulen på Vestlandet, Institutt for helsefag Førde (prosjektleiar for prosjektet er professor Siri Ytrehus), Forskingsstiftinga Norske Regnesentral og firmaet Conexus som utviklar læringsverktøy.

Målet er å utvikle eit IKT- støtte verktøy for nettverksbygging, læring og kommunikasjon blandt pårørande til personar med demens.