Årsmelding samhandlingskoordinator 2021

Gregory Idehen I helse og omsorgssektoren skjer det stadig store endringar. Dei siste to åra har vore prega av pandemi og smittevern, og det har ytterlegare synt behov for samarbeid mellom kommunane og Helse Førde.

Samhandling på tvers av kommunegrenser vil også være viktig i åra framover, når ein til dømes startar med utrulling av velferdsteknologiar og digital heimeoppfølging. Samhandlingskoordinator er kommunane i regionen si felles stemme inn mot Helse Førde i samhandlingssaker, forhandlingar og avtaleinngåing på systemnivå. Rolla er å representere og involvere dei 17 kommunane i opptaksområdet til Helse Førde i samhandlinga på tvers.

«Gjennom 2021 har eg hatt fleire møter med ulike grupper ute i kommunane. På desse møteplassane opplev eg engasjement og forståelse for kvifor samhandlings på tvers av kommune og spesialisthelseteneste er vanskeleg, men også kvifor det er så viktig. Pasientperspektivet står sterkt, og samarbeidet for å sikre dei gode pasientforløpa opplev eg som noko tenestene prioritera høgt i dagleg arbeid.» 

Elin Sørbotten, Interkommunal samhandlingskoordinator 



 

Her er eit utdrag frå dei viktigaste sakene omhandla i årsmeldinga for 2021 – heile årsmeldinga finn du her:  Årsmelding 2021

Pandemi

Det gode samarbeidet som kommunane og Helse Førde hadde rundt pandemien i 2020 har vore vidareført også gjennom 2021. Utfordringar og problemstillingar vert løyst undervegs, og fokuset har vore å sikre gode tenester til våre felles pasientar, og for innbyggarane i våre kommunar.

- Samarbeidet rundt interkommunal kohort for våre kommunar er vidareført fram til 01.07.22

- Samarbeid rundt smittevernutstyr vart vidareført til å gjelde hurtigtestar når behovet for å endre TISK strategien kom.

Utfyllande informasjon om samarbeidet under pandemien finn de i årsmeldinga frå 2020: Årsmelding 2020

Sogn og Fjordane helsefellesskap

I tråd med Nasjonal helse og sjukehusplan skal kommunane og Helse Førde opprette helsefellesskap i vårt område. Gjennom 2021 har arbeidet i stor grad handla om form, forankring, tilpassing og iverksetting. Helsefellesskapet skal sikre samarbeidet i åra framover gjennom gode strukturar, møteplassar og felles prioritering og planlegging. Utviklingsarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta må haldast ved like, tilpassast og jobbast med kontinuerleg dersom det skal ha effekt. 2022 vil i stor grad handle om revisjon av avtaleverk, prioritering av utviklingsarbeid og arbeidet med betre felles planlegging saman med kommunane og Helse Førde.

Læringsnettverk gode pasientforløp

Ein har no jobba med læringsnettverk i Sogn og Fjordane sidan 2019, forankringsarbeidet tok tid, men var heilt naudsynt for å sikre at utviklingsarbeidet også vert halde tak i når læringsnettverket er over. Læringsnettverket har sett søkelys på viktige forbetringsområde både internt i den enkelte organisasjon/kommune, men det synleggjer også kva område Helse Førde og kommunane må arbeide saman om for å sikre dei gode pasientforløpa på tvers av organisasjonane. Dette må helsefellesskapet arbeide vidare med, også når læringsnettverket er over. Arbeidet som kommunane og Helse Førde har samarbeidd om over mange år har fått nytt fokus. Det er mange av dei same utfordringane som syner att i dag, som det har vore heile vegen. Erfaringskonferansar og tidlegare prosjekt peikar på dei same utfordringar som kommunar og sjukehus no arbeider vidare med. Det syner at forbetringsarbeid krev fokus også utover ein periode, og må haldast tak i kontinuerleg. Det som skil læringsnettverket frå tidlegare forbetringsarbeid, er at no held deltakarane fokus på kva skal endre i eigen organisasjon for å sikre heilheitlege pasientforløp. I staden for å sjå på kva den andre parten må endre for at vi skal lukkast. Dette gjer det mogleg å skape endring og utvikling rundt dei problemstillingane vi saman står ovanfor.