USHT

Nyhende

I februar og mars har USHT arrangert fysiske samlingar i nettverk for leiing og kvalitetsarbeid i sjukeheim. Det har vore gjennomført i Førde, Sogndal og i Nordfjordeid.

7. februar 2023  var vel 50 deltakarar samla på Skei - andre samling i læringsnettverket.

USHT inviterte til fysisk samling i CRPD-nettverket 18-19. januar i Førde. Hovudmålet for samlingane er å dele kompetanse og erfaring som sikrar at utviklingshemma får helse- og omsorgstenester som byggjer på dei grunnleggande prinsippa i FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne.

USHT har arrangert opplæring og innføring i TID-metodikk for Sunnfjord kommune. Bilde er frå seminar i Førde.

Kva inneber det å bli eldre og leve som gammal - og kva er viktig for den eldre i møte med alderdommen? var tema på fagdagen i fagnettverk for eldremedisin / eldreomsorg 20. oktober 2022.

I haust har USHT arrangert oppstartssamlingar for Velferdsteknologiens ABC. Over 200 tilsette frå kommunar i vår region har delteke på samlingar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid.

USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Helse Fonna og USHT Vestland (Hordaland) arrangerte ein gratis heildigital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personar med utviklingshemming.

 

20-21.9.22 vart det arrangert ei nettverkssamling for USHT i Stavanger. Slike møte blir arrangert ein gong i året,  denne gongen inviterte Utviklingssenteret i Rogaland.