Samling for USHT frå heile Vestlandet

21.10.22 vart det arrangert ein USHT samling i Haugesund. Slike møte blir arrangerte ein gong i året, og denne gongen vart vi inviterte av Utviklingssenteret i Helse Fonna.

 

Dagen hadde eit sterkt fagleg innhald. Blant anna fekk vi høyra innlegg frå helsedirektoratet m/ Ingvild K. Hagen. Ho fortalde om rolla USHT har og kva slags forventningar helsedirektoratet har.

  

Statsforvalteren m/ Bjørg Odland fortalde om implementering av leve heile livet reforma.

 

 

 

 

 

 

Vidare hadde Høgskulen på Vestlandet m/ Hellen Dahl og Anne Marie Sandvoll eit felles innlegg om korleis ein kan tenke om omgrepet prosessrettleiing.

Det vart og ein arbeidsøkt med erfaringsdeling om korleis ein på best mogleg måte bistår kommunane. Vi fekk og moglegheit til å prøva nokre kreative arbeidsmetodar. Det var utruleg kjekt å samlast igjen, det vart naturlegvis inga slik samling ifjor under pandemien, dei fleste tilsette i USHT hadde henda fulle med smittesporing og vaksinering i sine kommunar. Ei stor takk til Ida Elisabeth Gaard frå USHT Helse Fonna - vi gler oss allereie til neste år. Nedenfor kan du sjå nokre bilde frå dagen.