Undervisningsopplegg til bruk ved smitteutbrot i sjukeheim og omsorgsbustad

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) har i tett samarbeid med hygienesjukepleiarane i Helse Førde utarbeidd eit undervisningsopplegg som kan nyttast ved smitteutbrot med koronavirus i sjukeheim/omsorgsbustad. Det er ein «kortversjon» av tidlegare utarbeidd opplæringspakke til bruk i kohortavd/institusjon.

Undervisningsopplegget er ein del av «Prosedyre ved påvist Covid-19 i kommunal helseinstitusjon» i Sunnfjord kommune, og godkjent av kommuneoverlege Øystein Furnes. Sidan dette kan vere relevant for andre kommunar, deler vi det her og via epost til kommunalsjef og postmottak i vår region. 

Målgruppa er personell med helsefagleg utdanning. Føremålet med undervisninga er å trygge helsepersonell i «akutt-situasjonen» som vil oppstå ved eit smitteutbrot; trygge dei i utføringa av arbeidsoppgåver i avdelinga og i direkte kontakt med bebuarane. Dei får ein repetisjon på:

  • Smittevern, gjeldande rutinar og rett bruk av smittevernutstyr
  • Verktøy for systematisk observasjon
  • Lindrande behandling

Tid: 3-4 t, alt etter kor mykje praktisk øving ein vil legge inn.

Ansvar: Einingsleiar. Bruk gjerne interne ressurspersonar (hygiene, akuttspl, lindrande).

Eksterne ressursar: USHT, Hygienesjukepleiar v/Helse Førde, evt fagavd/-stab.

Informasjon til leiarar om undervisningsopplegg ved smitteutbrot

Undervisning til bruk ved smitteutbrot i sjukeheim og omsorgsbustad, versjon 3.0, 21.01.2022