Personsentrert praksisutvikling - ein ressurs for utviklingsarbeid

Personsentrert praksisutvikling er ein verdi- og kunnskapsbasert metode for å utvikle praksis i helse- og omsorgstenestene. 

Dei fire Utviklingssentra for sjukeheim og heimetenester på vestlandet og Senter for omsorgsforskning vest har hatt eit mangeårig samarbeid rundt metodar og verktøy for tenesteutvikling og implementering. Føremålet er å skape bærekraftige helse- og omsorgstenester.

Målet med å spreie personsentrert praksisutvikling (PP) er å dele erfaringar og innsikt på ein utprøvd metodikk med gode resultat. Vidare å gi dei som driv endringsarbeid eit effektivt verktøy. Personsentrert praksisutvikling handlar om å skape felles verdiar, haldningar og å utforme ein felles visjon med konkrete mål for utvikling og forbetring på arbeidsplassen. Framgangsmåten skal bidra til at dei tilsette medverkar og får eigarforhold til endringsarbeid. Derfor blir demokratiske og systematiske arbeidsprosesser vektlagt. Den primære målgruppa er tilsette i helse- og omsorgstenestene med ansvar for å fasilitere endringsprosessar.

Leiarar og fasilitatorar i helse- og omsorgstenestene er kjent med og brukar «Modell for kvalitetsforbedring» i endrings- og utviklingsarbeid. Forskrift om leiing og kvalitet i helse og omsorgstenestene brukar kvalitetsforbetringsmodellen for å strukturere krav, føringar og forventningar. Den fungerer som ei huskeliste for faktorar som forsking og erfaring viser er nødvendig for å sikre en vellukka gjennomføring. Det er samstundes mogleg å inkludere metodar og verktøy som ein har erfaring med. PP er eit viktig bidrag her, ikkje som «konkurrent» til kvalitetsfortredringsmodellen, men som eit supplement. Utvalet som blir presentert er basert på erfaringar frå deltakarar og fasilitatorar.  Det er ei målsetjing at verktøyet skal vere levande, og over tid inkludere nye erfaringar med bruk.

Nettressursen er bygd opp i tre hovuddelar

 Introduksjon til metodenOmtalar fasar i PP og fasiliteringsrolla 

 Metodar og verktøySamling av relevante verktøy, malar og erfaringsdeling. 

 BakgrunnInformasjon om teoretisk grunnlag, målsetting og arbeidsgruppa 

Kontaktperson: Marta Strandos, leiar USHT Vestland (Sogn og Fjordane)