Korleis skal vi saman planlegge for framtida?

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-reforma inviterer til fire regionale fagdagar om aldersvenleg samfunnsplanlegging.  
 

Fagdagane vil handle om aldersvenleg samfunnsplanlegging, korleis løysingane i Leve heile livet-reforma kan utformast i planverk, og korleis jobbe på tvers i kommunen. Målgruppa er kommunedirektørar/rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd og politikarar.

Tid, stad og kommuneinndeling

På grunn av smittevernomsyn og hotellkapasitet vil vi be om at følgjande kommunane melder seg på følgjande stader lista opp under. Om tid og stad er problematisk, send oss ein e-post.
•Nordfjordeid 15. september, 09.30-16.00, Nordfjord hotell: Stad, Kinn, Bremanger, Gloppen, Stryn, Sunnfjord, Askvoll 
•Sogndal 16. september, 09.30-16.00, Quality Hotel Sogndal: Luster, Sogndal, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Høyanger,  Hyllestad, Fjaler, Solund, Gulen