Sette fokus på samhandling om aldersvenleg samfunnsplanlegging

For å lykkast med tverrsektorielt arbeid i kommunen, må alle ha ei forståing for og kjenne eigarskap til felles mål. Det er rådet frå folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein. Ho var ein av innleiarane under dei digitale fagdagane i aldersvenleg samfunnsplanlegging som Fylkesmannen i Vestland og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet inviterte til i september.

37 av kommunane i Vestland deltok


Fagdagane samla breidda av fagfolk innanfor plan, helse og folkehelse, i tillegg til eldrerådsmedlemmar i 37 av kommunane i Vestland. Eitt av måla for dagane var nettopp dette, at både tilsette innanfor helse, plan og ulike leiarnivå skulle få lære meir om aldersvenleg samfunnsplanlegging og korleis jobbe på tvers. Deltakarane melder om entusiasme og stort engasjement i diskusjonane rundt bordet ute i kommunane, og fortel at dei har fått gode råd og vil dra nytte av andre sine erfaringar.


Les meir på nettsidene til Fylkesmannen i Vestland