Korleis ein jobbar med kvalitetsarbeid i Sunnfjord kommune

Dekor, sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Bakgrunn

Sunnfjord kommune er vertskommune for USHT Vestland (Sogn og Fjordane). I samanheng med spreiing av Trygghetsstandarden og behov i kommunen var det ynskjeleg å nytte USHT si kompetanse for å løyse konkrete utfordringar. USHT si rolle var å innhenta kunnskap og erfaringar frå andre kommunar, prosjekt og forsking, og bruke det aktivt gjennom kartlegging, vurdering og forslag til vidare arbeid.

Omsorgssektoren er i ein situasjon der tal brukarar aukar, tenesteomfanget aukar og dermed også behovet for pleiepersonell. I fleire einingar aukar bruken av vikarinnleige, overtid, ekstravakter, vikarbyrå og forskyving av arbeidstid for å klare å dekke tenestebehovet. Leiarane brukar mykje av tida si på å sy saman den daglege drifta. Det er ikkje berekraftig.

Det er allereie i ei bemanningskrise. Det har blitt merkbart vanskelegare å rekruttere helsepersonell, særskilt sjukepleiarar. Det har lenge vore kjent at tal eldre vil auke og føre til sterk auke i etterspurnad etter omsorgstenester. Parallelt med denne utviklinga, bremsar vekst i tilgjengeleg arbeidskraft før den stoppar opp, og rundt 2035 vil tal personar i yrkesaktivalder byrje å falle. I distrikta er den demografiske situasjonen meir tilspissa enn i lande som heilskap. Det forsterkar problemet.

Det er fortsatt mogeleg å endre kursen og styre omsorgstenesta inn på eit meir berekraftig spor der ein yt gode og tilpassa helsetenester til innbyggjarane. Men det krev ny haldning og endring av ei rekke tiltaksområder, og det krev vilje og evne til å gjennomføre desse.

Kartleggingsarbeid

Leiinga i Sunnfjord kommune gjennomførte eit kvalitetsarbeid for å sikre bemanninga i omsorgssentra og bidra til betre rekruttering av fagpersonell.  Som eit ledd i dette arbeidet bidrog USHT med kartlegging av dagens arbeids- og oppgåvefordeling mellom faggruppene som arbeida i omsorgssektoren. Målet var å sikre rett kompetanse til rett tid og stad for å bidra til god kvalitet, pasienttryggleik og god ressursbruk i omsorgssentra. USHT utarbeida forslag til prioriterte forbetringar innan oppgåvefordeling og ansvarsområder, og på bakgrunn av resultata utarbeida dei ein rapport til leiinga. Anbefalingane som kom fram i rapporten var følgjande:

  • Tydeleg rolleavklaring mellom einingsleiar og assisterande einingseiar, i form av stillingsinstruks
  • Tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling ut frå kompetanse, særleg med tanke på korleis organisere sjukepleiarressursen og sikre framtidig rekruttering
  • Styrke helsefagarbeidarane sin kompetanse
  • Kartleggje driftsoppgåver som ikkje krev helsefagleg kompetanse, overføre desse oppgåvene til andre

Kvalitetsarbeid gjer krav på tid, ressursar og engasjement frå leiarar og tilsette, for å lukkast med arbeidet blei det viktig med ein god plan for vidare prosess. Det blei difor sett ned ei ny arbeidsgruppe i kommunen som skulle sikre vidare framdrift for kvalitetsarbeidet på einingsnivå. Anbefalingane som blei presentert i rapporten blei gjort om til resultatmål.

Vegen vidare

Liselotte Norman er ressursperson frå USHT i Sunnfjord kommune, ho fortel om kva status er no:

Liselotte Norman, USHT Vestland (Sogn og Fjordane) Reiakvam

Parallelt med kartleggsinarbeidet måtte Sunnfjord kommune sette i verk innsparingstiltak for å redusere meirforbruk. Det blei gjennomført workshop i omsorg for å finne tiltak som kunne redusere kostnadar i sektoren. Resultatet blei ei relativt lang tiltaksliste for innsparing av tid og pengar.

Vi må tenke heilskapleg, derfor har ein no slått saman alle tiltaka i omsorg i ei tiltaksliste. I kvart einingsmøte ligg kvalitetssarbeid som punkt, slik at alle heile tida må fortelje kva tiltak dei jobbar med og kor langt dei er kome. Det handlar om å ha fokus på arbeidet. Einingsleiarane gjer ein framifrå jobb. Ved å ta det opp i fellesskap har ein også mogelegheit til å drøfte positive erfaringar og utfordringar i lag, det legg også til rette for deling. Deling av oppgåver, deling av skriftleg arbeid, deling av gode idear m.m. 

Tiltak einingsleiarar jobbar med, som enten er under planlegging og/eller i gang på ei eller fleire einingar:

  • Langvakter
  • Revidering av tenestestandard
  • Aktiv forsyning
  • Avklare arbeidsfordeling mellom einingsleiar og assisterande einingsleiar i form av stillingsinstruks
  • Tid til leiing
  • Oppgåvefordeling knytt til kompetanse
  • Driftsoppgåver/miljøvert
  • Ny opplæringspakke til nytilsette

Når ein jobbar med kvalitetsarbeid må ein også ha fokus på kompetanse. Ein kjem ikkje vekk i frå at utfordringane er store knytt til å behalde og rekruttere pleiepersonell. I fjor landa Sunnfjord kommune ein strategisk kompetanseplan for omsorgssektoren. Einingsleiarane kartla kompetanse i eiga eining og målet no er å lage ein raud tråd frå overordna kompetanseplan ned til eigne spesifikke kompetanseplanar for alle einingane i omsorg. Slik at ein har ein tydeleg plan for kva kompetanse ein treng for å nå måla til eininga, kva kompetanse ein kan dele på og samstundes sjå kva kompetanse ein kanskje kan avvikle og/eller endre ved høve.

Rapport

Kartlegging av oppgåver (Sunnfjord kommune)

Kontakt

Liselotte Norman
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 26 80
Mobil 97 19 00 35