Om fagnettverk eldremedisin Gregory Idehen Fagnettverket har vore i drift sidan 2015 og er eit samarbeid mellom Helse Førde og kommunane i deira opptaksområde. Vi har to fagdagar i året, og vekslar mellom fysiske og digitale arrangement . Tema blir valt ut frå nasjonale satsingsområde og lokale prioriteringar. Målgruppe Tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester og i spesialisthelsetenesta. I tillegg er det ynskjeleg med faste ressurspersonar i nettverket. Fagutviklingssjukepleiarar eller andre med tilsvarande roller/funksjonar vil vere særleg relevant. Overordna tema i 2021-2023: Observasjonskompetanse Fagdagar: 20.oktober 2022: Kva inneber det å bli eldre og leve som gammal, og kva er viktig for eldre i møte med alderdommen? 31.mars 2022: Delir hos eldre 11.november 2021: Tidleg oppdaging av forverra tilstand hos den geriatriske pasienten Informasjon om fagdagane og presentasjonar finn du her. Føremålet med nettverket bidra til trygge , samordna og tverrfaglege helsetenester fremje deling av beste kunnskap/praksis styrke engasjementet for arbeid med eldre Bygge kompetanse i systematisk kvalitetsarbeid sikre samordning av ressursbruk knytt til fagutvikling Vi legg vekt på arbeid med samhandling, pasienttryggleik, implementering av nasjonale retningslinjer/veiledarar og brukarmedverknad. Fagdagane inneheld førelesingar, erfaringsdeling, refleksjon og kunnskap om systematisk kvalitetsarbeid. Driftsansvar USHT Vestland (Sogn og Fjordane) og SESAM v/lokal koordinator i Helse Førde har ansvar for drift av fagnettverket, og orienterer Fagleg samarbeidsutval om arbeidet ein gang i året og elles ved behov. Mandatet er godkjent av Fagleg samarbeidsutval og avløyser samarbeidsavtalen om fagnettverket. Sist endra 15.11.2022 10.54